Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Kven gjer kva?

09.10.2009 | 10:17

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er tilsynsstyresmakt for energimerkjeordninga. Tilsynet omfattar å kontrollere at apparat i butikkane er riktig merka, og at opplysningane på merkinga er korrekt.

 

Energimerkjeordninga er heimla i lov om merking av forbruksvarer, med tilhøyrande forskrifter, og er ein del av EU-direktiv om energimerking. Olje- og Energidepartementet (OED) forvaltar saman med andre departement det norske lovverket knytt til energimerking.

På oppdrag frå NVE gjennomfører Infratek Elsikkerhet AS kontroll i butikkar, mens Teknologisk Institutt i Danmark utfører testar av kvitevarer