Systembeskrivelse

10/8/2009 | 2:04 PM

Energimerkesystemet består av berekningskjerne, pre-prosessor og attestgenerator. I tillegg har systemet ein database med ferdige energiattestar og energiattestar under arbeid.

Berekningskjernen bereknar bygningen sin energiyting etter NS 3031. Ei slik berekning krev mange parameter om bygningen sine mål, byggemåte osv.

Berre spesialistar vil vere i stand til å oppgje data som trengs direkte i ei slik berekning. Pre-prosesseringsdelen er derfor laga for å kunne forenkle datafangsten.

Når brukaren oppgjev bygningstype, alder osv., hentar Energimerkesystemet typiske verdiar frå biblioteka og bruker desse i berekningskjerna. Dette sikrar stor fleksibilitet mellom forenkla og detaljert datafangst.

På det enklaste nivået kan ein bustadeigar nøye seg med å oppgje bygningstype, byggjeår, areal og noko meir. Energimerket vil i så fall bli eit typisk energimerke for denne typen bygg. Med aukande detaljeringsgrad aukar mogligheita for å ta omsyn til bygningen sine særtrekk som rehabilitering, tilbygg m.m.

Attestgeneratoren er den delen av systemet som produserar energiattesten basert på dei data som er oppgitt og berekningar som er gjort. Når ein energiattest er påbegynt blir attesten lagra for denne bygningen/bustaden i Energimerkesystemet sin database. Tidlegare energiattestar vil dermed kunne hentast fram f.eks. når ein vil lage ein ny attest.

Energimerkesystemet er utvikla av Evry AS på oppdrag frå NVE.

Biblioteka er levert av Multiconsult AS på oppdrag frå NVE.