Kva kan eg krevje?

02.03.2011 | 15:11

Som kjøpar eller leigar av bustad har du krav på å få sjå ein energiattest. Som kjøpar kan du sjøv få laga energiattest på seljars rekning om han ikkje viser fram energiattesten.

Det er eigar av bustaden som er ansvarleg for å energimerke den. Du bør kontrollere at hovuddata for energiattesten er riktig.

Dersom det ikkje er vedlagt energiattest ved sal av bustad etter 1.juli i 2010 kan dette vere ein mangel ved salet.

Eigaren er ifølgje forskrift om energimerking, ansvarleg for å gjennomføre energimerkinga og syne energiattesten før avtala om salet blir inngått. Energiattesten skal vere ein del av marknadsføringa. Dersom eigaren ikkje har lagt fram energiattest før avtala blir inngått, og du har krevd det skriftleg, så har du rett til å få laga ein energiattest for seljars rekning.

Energiattesten bør vere ein del av vurderinga når du skal velje ny bustad.

Dersom du leiger bustad, kan du krevje å få sjå ein energiattest før avtale om utleige blir inngått. Har du allereie ein utleigekontrakt frå før forskrifta tråtte i kraft, har du ikkje krav på å få sjå ein energiattest, men du kan oppmode eigaren til å leggje fram dette.

Dersom det ikkje ligg føre energiattest, og du likevel ønskjer å leggje inn bod på ein bustad, bør du ta ta høgde for at bustaden kan ha ein dårleg energistandard.

På energiattesten er det oppgidd bustaddata som er bakgrunnen for energiattesten. Som mogeleg kjøpar bør du kontrollere at desse data stemmer med verkelegheita, og det du har fått oppgidd i prospektet elles.