Raud A eller grøn G - kva er best?

01.03.2011 | 17:29

Energimerket består av ein farge og ein bokstav. Fargen fortel oppvarmingskarakteren og bokstaven energikarakteren. Men kva er viktigast?

Energirekninga di er avhengig av kor mykje energi du kjøper og prisen på energien.

Energikarakteren vil seie noko om kor mykje energi du treng å kjøpe, og vil i dei fleste situasjonar ha mest å seie for energirekninga. Men hugs at energikarakteren berre er ei teoretisk berekning, og ikkje seier noko om faktisk bruk.

Prisen på den energien du kjøper kan variere avhengig av kva oppvarmingskjelde og oppvarmingskarakter du har. Fjernvarme skal etter energilova vere billigare enn straum. Andre fornybare energikjelder som bruk av ved og pellets har også tradisjonelt vore billigare enn straum og olje. Ein god oppvarmingskarakter kan derfor gi deg lågare pris på den energien du bruker i periodar, men husk at energiprisar varierer med marknaden.

For å vite kva den reelle energirekninga di blir kan du sjå på gjeldande energiprisar og oppgidd faktisk energibruk på attesten. Dersom faktisk energibruk ikkje er oppgidd på attesten kan du spørje seljar eller utleigar om dette. Hugs at faktisk energibruk er avhengig av kven som tidlegare har butt der og korleis bygningen har blitt brukt.

Miljømessig vil det vere gunstig å bruke lite energi og å bruke energikjelder som har lave CO2-utslepp.

All energien du bruker har påverknad på miljøet. Produksjon av vasskraft påverkar det biologiske mangfaldet i elvar, vindkraft kan påverke fuglebestandar og distribusjon av straum krev utbygging av leidningsnett i naturvernsområde.

Eit lågast mogeleg energibruk vil derfor alltid vere gunstig for miljøet. Ein god energikarakter fortel deg at bustaden er godt tilrettelagt for eit lågt energibruk og lågare påverknad på miljøet.

Reduksjonen av CO2-utslepp er eit viktig miljømål. Direkte bruk av fossile energikjelder som olje og gass har høge CO2-utslepp, men også straum frå vasskraft er forbunde med små mengder CO2-utslepp, fordi det blant anna er CO2-utslepp ved utbygginga av vasskraftverket. Auka bruk av den reine straumen i Noreg gjer også at vi importerer meir fossilbasert straum og eksporterer mindre "fornybar” straum.

Ein god oppvarmingskarakter fortel at bustaden har høve til å bruke andre kjelder enn olje, gass og straum til oppvarming. Bruk av varmepumpe, solceller, solfangarar, fjernvarme og biobrensel blir forbunde med lave CO2-utslepp. Ein god oppvarmingskarakter fortel deg at bustaden er tilrettelagd for å bruke desse meir miljøvennlege energivarene.

Sjølv om huset har ein god oppvarmingskarakter vil ofte ein viss del av energibehovet til bygningen bli dekt av straum eller fossile kjelder. Ein god oppvarmingskarakter hjelper derfor lite dersom energibruken er veldig høg og energikarakteren dårleg.

Hugs at både energikarakteren og oppvarmingskarakteren er baserte på berekna og teoretiske verdiar. Det er kor mykje energi du faktisk bruker og kva oppvarmingsmetode du vel, som vil gi den faktiske miljømessige påverknaden.