Kjøpe/leige bustad?
Du kan krevje å få sjå energiattest når du skal kjøpe eller leige bustad. Energiattesten kan gi deg informasjon om energistandarden til bustaden.
Alle bustader som blir selde eller leiges ut skal ha ein energiattest. Energiattesten skal liggje ved når bustaden blir marknadsførd.
På energiattesten finn du ei matrise som viser bustaden sin energikarakter og oppvarmingskarakter.
Ein god energikarakter viser at bustaden er energieffektiv, at det vil vere enkelt å halde ein stabil innetemperatur, og mogeleg å få lågare energirekningar.
Ein heilt ny bustad, som tilfredstiller dagens tekniske forskrifter vil normalt få ein C. Eldre bustader, kor det ikkje er gjort utbetringar etter byggjeåret, vil få ein dårlegare energikarakter.
Ein god oppvarmingskarakter viser at ein stor del av bustaden din kan varmast opp med noko anna enn olje, gass og elektrisitet.
Ein bustad med berre panelomnar til oppvarming får ein raud karakter. Bruk av til dømes fjernvarme, sol, biobrensel og varmepumpe vil gi ein god oppvarmingskarakter.
Dei to karakterane er uavhengig av kvarandre.
Energiattesten gir også informasjon om kva tiltak som kan gjerast for å betre energistandarden til bustaden.