Innlogging for energivurdering

27.04.2010 | 12:27

Ferdig utfylt skjema for energivurdering av tekniske anlegg skal lastast opp i energimerkesystemet.

Det er laga eigne skjema for energivurdering av tekniske anlegg. Du treng ikkje vere innlogga i energimerkesystemet for å finne, laste ned eller bruke desse. Skjema kan lastast ned her og fyllast ut.

Ferdig utfylt skjema/rapport skal deretter lastast opp og registrerast i energimerkesystemet. Du må vere innlogga i energimerkesystemet for å laste opp og registrere energivurdering av tekniske anlegg.

For å kunne laste opp og registrere energivurdering av tekniske anlegg i energimerkesystemet, må du bekrefte at du har nødvendig kompetanse. Etter å ha bekrefta at du har nødvendig kompetanse velgjer du gjeldande bygning under punktet ”Eiendommer” og ”Dine bygninger”, eller registrer ny adresse for bygningen der du ønskjer å legge inn ein energivurdering. Etter å ha valt eigedom last opp rapport for kjel-/varmeanlegg eller kjøle-/ventilasjonsanlegg.

Dersom du ønskjer å laste opp energivurdering av teknisk anlegg i eigen bustad eller eige privat eigd yrkesbygg, logg inn i energimerkesystemet via ID-porten/MinID.

Dersom du ønskjer å laste opp energivurdering av teknisk anlegg i bygningar eigd av di verksemd, logg inn i energimerkesystemet via Altinn eller ID-porten/MinID. Du må vere tildelt rolla i Altinn til å energimerke verksemda sine bygningar, for å kunne logge inn via Altinn. For bygninger som er registrert i Matrikkelen, kan disse søkast fram på sida Eiendommer.

Innlogging og val av bygning skjer på same måte som ved energimerking.Les om innlogging på oppdrag av andre her.