Tiltakslisten

10/8/2009 | 10:51 AM

Som ein del av energiattesten får du ei liste med forbetringstiltak som kan bidra til å gjere bygningen eller bustaden meir energieffektiv, redusere energibruken og slik kunne spare pengar.

huslogo-471.jpg

Lista skal særlig vere eit nyttig instrument for bustadeigar. I forbindelse med oppussing og annan rehabilitering vil det vere fornuftig å ta forslaga frå tiltakslista med i berekninga fordi ekstrakostnaden ved å byggje inn god energistandard då vil vere liten.

Tiltakslista er mindre konkret dess færre detaljerte opplysningar som er gjeve. Tiltak som kan vere aktuelle:

• Bygningsmessige tiltak

• Tiltak på sanitæranlegg

• Tiltak på luftbehandlingsanlegg

• Tiltak på elektriske anlegg

• Tiltak på varmeanlegg

• Tiltak utandørs

• Brukartiltak

Dersom ein ekspert har gjennomført energimerkinga vil denne bruke sin kompetanse til å foreslå tiltak. Ho vil også kunne opplysa om tiltak utanfor hovudområda ovanfor.