Kan andre energimerke bustaden min?

10/8/2009 | 12:45 PM

Du kan sjølv velje kven som skal energimerke bustaden din. Systemet er laga så enkelt som mogeleg og lagt opp til at du kan gjennomføre merkinga sjølv.

huslogo-471.jpg

Det kan vere at du ikkje synes du har nok kunnskap om bustaden din, at du ønskjer å få gjort det så nøyaktig som mogeleg med ein ekspert, eller at du ganske enkelt vil sleppe å gjere det sjølv. Du kan la andre energimerke din bustad - utan å overlate eigne PIN-kodar for MinID.

Den som skal gjere dette for deg kan logge seg på med eigne kodar. På sida "Eiendommer", under fana "Andres bygninger" velgjer han "Søk". Dersom boligen ikkje blir funne med dette søk, kan adressa registrerast manuelt under fana "Registrer".

Det er du som bustadeigar som er ansvarleg for riktig energimerking av bustaden. Du kan gje ein annan som oppdrag å energimerke bygget eller bustaden. Det vil likevel alltid vere eigar av bygningen eller bustaden som er juridisk ansvarlig for bruk av energiattesten, sjølv om sjølve merkinga er utført av ein annan.

Les mer om innlogging i energimerkesystemet her.