Energimerking av bygg
Energimerking av bustader og bygningar er obligatorisk ved sal og utleige.
Energimerking skal auke medvitet om energibruk og løysingar som kan gjere bustaden eller bygningen meir energieffektiv.
Alle bustader og yrkesbygg som blir selde eller leigd ut skal ha ein energiattest. Yrkesbygg over 1000 m2 skal alltid ha gyldig energiattest. Energiattesten bestå av eit energimerke som viser bygningen sin energistandard.
Bygningar står for opp mot 40 prosent av energibruk i Noreg . Energimerking er eit konkret miljøtiltak for å auke medvitet om energibruken og kva som kan gjerast for å få ein meir energieffektiv bustad.
Det kan føre til at samla energibruk i bustader og bygningar går ned og miljøet blir spart ved at behovet for å byggje ut ny energi blir mindre.
Energimerkinga skjer på internett ved at du legg inn opplysningar om bustaden eller yrkesbygget i ei sjølvmelding. Energiattest for yrkesbygg skal lagast av ein ekspert.
Det er eigar av bygget eller bustaden som har ansvaret for å gjennomføre energimerkinga. Dersom bygningen blir marknadsførd, skal det kome fram kva for eit energimerke bygningen har fått.
Som kjøpar eller leigetakar bør du krevje å få sjå energiattesten. Attesten kan samtidig gi ein indikasjon på kva byggteknisk tilstand bygget er i. Energimerket viser bygningen sin energistandard og er berekna uavhengig av korleis dei som eig/leiger bygget bruker bygningen.
Energimerking av bustader
Energimerking er obligatorisk for alle som skal selje eller leige ut ein bustad.
Energimerking av yrkesbygg
Energimerking er obligatorisk for alle som skal selje eller leige ut yrkesbygg. Alle yrkesbygg over 1000 m2 skal alltid ha gyldig energiattest.