Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Kvitevarer er energimerka for at du som forbrukar skal kunne sjå kor mykje elektrisitet kvart enkelt produkt brukar. Då kan du samanlikne elektrisitetsbruken til ulike produkt, og få lågare straumrekning ved å velje det mest energieffektive produktet.
Målet med energimerkjeordninga er å stimulere forbrukarane til å velje kvitevarer i dei beste energiklassene, og samtidig stimulere produsentane til å kontinuerleg forbetre energieffektiviteta til kvitevarene.
Ta del i utviklinga av energieffektive kvitevarer!
Du som forbrukar kan vere med å få fram betre produkt. Sidan innføringa av energimerking i 1996, med inndeling av kvitevarer i energiklasser frå A (lågt energiforbruk) til G (høgt energiforbruk), har hovudtyngda av kvitevarene på marknaden forskuva seg mot dei betre klassene.
I dag ser ein nesten ikkje kvitevarer i energiklassene F og G på det norske marknaden. Dette skuldast forbrukarane sin etterspørsel etter dei beste klassene, og responsen til produsentane på etterspørselen.
For kjøl-/frysprodukt har ein til og med utvida skalaen med energiklassene A+ og A++. Eit A++ -kjøleskap bruker 40 % mindre straum enn eit A-kjøleskap og 50 % mindre enn eit B-skap .
La oss fortsetje utviklinga mot betre energiklasser og lågare energibruk. Vel beste energiklasse og ver med å fremje utviklinga mot enda meir energieffektive apparat!
Fakta om energimerking
* Disse kvitevarer skal ha eit energimerke:
* Elektriske artiklar står for rundt ti prosent av straumforbruket i privathushaldet. Belysning utgjer også rundt ti prosent. Samanlagt er det like mykje som ca. 400.000 hushald bruker i elektrisitet kvart år.
* Energimerking blei innførd i Noreg i 1996 som følgje av eit EU-direktiv.
Det er obligatorisk for butikkane å energimerkje kvitevarer. NVE gjennomfører årleg kontroller og tester kor energimerket blir sjekka.